PRISAR VAKTLISTE AKTUELT LOKALLIGA VETERAN MÅNADSCUP REFERAT


Kjegletrimmen
Rekordar
200-klubben
Om oss
Rankinggrunnlag
Lenker
Gjestebok
Album
Medlemer
Arkiv
Medlemer i NBF
Admin


- Lyst å bowle? Ring 91 90 31 21
Klubbmeisterskap og månadscup sundag 28. april
22. april 2019 kl. 19:59 - Frank Tangen
Me kombinerer klubbmeisterskapet og månadscupen for april. Dei fire første seriane vert teljande både for månadscup og klubbmeisterskap medan dei to siste av seks seriar gjeld berre klubbmeisterskapet.
Ove nr. 3 i Ringerike 50+
14. april 2019 kl. 12:00 - Frank Tangen
Ove nr. 3 i Ringerike 50+ Tre veteranar frå Kvam bowlingklubb kasta seg med på turneringa Ringerike 50+ på Hønefoss palmehelga. Ove Fonn (foto: Hordaland Folkeblad) har vore i godt slag heile denne sesongen og det viste han til fulle denne helga. Ein flott 3. plass vart det på karen etter finalespelet sundag.
Tette kampar i lokalligaen
1. april 2019 kl. 21:04 - Frank Tangen
Det vart tre jamne kampar i denne lokalligarunden. Kvam3 tok to poeng i sin siste kamp for sesongen heime mot Nygård2. Førstelaget vårt hadde også heimekamp mot nedrykksklare Vestkanten1. Også denne kampen enda 3-2 men då i vår favør. Andrelaget spelte toppkamp mot Åsane3. Begge laga ligg og lurer på den andre opprykksplassen til 1. divisjon. I ein spelemessig jamn kamp var det likevel klar siger 4-1 til Kvam2. Dermed skil det eitt poeng mellom laga frå 2. til 4. plass. Fordel Kvam2 sidan dei to siste rundane er på vår heimebane der me mellom anna skal møta BBC1 som er a poeng med oss.
Årsmøtereferat Kvam bowlingklubb
1. april 2019 kl. 10:12 - Frank Tangen
Stad: Hardanger bowling, Hardangersenteret Tid: Sundag 31.03.2019 kl. 1600 Frammøte: 12 medlemer
Helge vinnar av månadscup i mars
31. mars 2019 kl. 21:09 - Frank Tangen
Det vart jamt i kveldens månadscup, men tilliks med februarcupen så drog Helge det lengste strået med Sebastian og Dag hakk i hæl. Imponerande ny personleg rekord med 230 av kveldens bursdagsjubilant Anne Karin.
Lokalligaresultat som forventa
18. mars 2019 kl. 22:14 - Frank Tangen
Det vart to jamne kampar og ein kamp der me vart blåst av banen i denne lokalligarunden. Kvam2 tok dei to første poenga mot Fyllingen2 i Øystese før den nyvalde formannen Jens Løken klarte å losa sine medspelarar inn til dei tre siste poenga. Kvam1 møtte eit slitent Askøy2 der spelarane hadde vore på langtur i landsligaen sist helg. Etter tre seriar var det protokollert to poeng til oss, eitt til Askøy2 og 1 pinnes overvekt til heimelaget på totalen. Men i siste serien vart Askøy2 parkert og me kunne plukka med oss 4 poeng heim att. Kvam3 møtte suverene Åsane5 på Sandsli og var ikkje i nærleiken av poeng sjølv om våre spelarar absolutt leverte bra. Mellom anna imponerte Håkon med to seriar over 200!
Tøff runde i lokalligaen
10. mars 2019 kl. 19:45 - Frank Tangen
Det vart eitt fattig poeng på våre tre lag denne runden av lokalligaen. Sist måndag tapa andre- og tredjelaget 0-5 i sine kampar medan førstelaget kneip med seg eitt poeng i den utsette bortekampen mot Mascot1. Ove storspelte og sette klubbrekord på to seriar med 263,5 i snitt. Han heldt også stilen vidare og mangla berre ein pinne på å setja rekord også for tre seriar. Kvam1 vann første serien mot Mascot med solide 674 pinnar. Også i andre serien heldt me trykket oppe med 673 pinnar, men det heldt likevel ikkje mot Mascot-spelarar i form.
Offisielle rekordar i Kvam bowlingklubb
10. mars 2019 kl. 19:19 - Frank Tangen
I denne artikkelen finn du dei offisielle rekordane i klubben. Seriane må vere spelt i ei turnering godkjent av Norges bowlingforbund. Har studert arkivet vårt og trur eg er komen fram til dei rette rekordane i dei ulike klassane, men viss du meinar noko anna så gje eit vink. Rekorden for enkeltserie kan spelast når som helst i ei turnering, men alle andre rekordar vert rekna frå og med serie 1.
Haugesund - Kvam: 3-1 (veteranliga)
22. februar 2019 kl. 12:50 - Frank Tangen
Me sikra oss eitt poeng på ein heller dårleg dag mot topplaget Haugesund i denne runden av veteranligaen. Første serien var kollektivt dårleg, så betra det seg litt i andre serien før me avslutta bra med ein serie tett opp mot 200 i snitt. Influensa herjar i distriktet og fleire av spelarane hadde sikkert fått problem i ein dopingkontroll :).
Siger på andre- og tredjelaget i lokalligaen
20. februar 2019 kl. 13:27 - Frank Tangen
Andrelaget spelte heime mot Åsane4 med Kristin på laget. Den ferske åsanespelaren fekk ikkje dreisen på spelet på sin gamle heimebane og Kvam2 vann kampen 4-1. Tredjelaget møtte Åsane6 på Sandsli og plukka med seg 3 poeng i ein jamn kamp. Jamt var det også på Askøy der førstelaget vårt duellerte mot Askøy1. To poeng med heimatt skal me uansett vera nøgd med.
Gull i dobbel i veteran-NM
17. februar 2019 kl. 17:48 - Frank Tangen
Gull i dobbel i veteran-NM Ove Fonn og Frank Tangen vann gull i klasse HB under veteran-NM på Heimdal i Trondheim denne helga. Veteranane frå Kvam bowlingklubb spelte nesten så jamt som det er mogeleg på sine seks seriar som var teljande for dobbelkonkurransen. 1250 pinnar på Frank og 1252 pinnar på Ove pluss 12 pinnar i alderstillegg på Ove. Totalt vart det 2514 pinnar på duoen, noko som heldt til gull.
Gaute vann klasse yngre gutt i KM for junior
10. februar 2019 kl. 18:22 - Frank Tangen
I går spelte juniorane sitt kretsmeisterskap på Sandsli. Gaute vann suverent klassen for yngregutt med 1211 i rein score. Dette gjev 201 i snitt på ungdomen som akkurat har gjort unna NM i junior der han fekk ein 8. plass.
Kvam - Grenland: 1-3 (veteranliga)
9. februar 2019 kl. 13:47 - Frank Tangen
Kvam - Grenland: 1-3 (veteranliga) Det vart ein jamn veteranligakamp mellom Grenland, som ligg på 4. plass, og Kvam. Me hadde ein litt for svak førsteserie til å sloss om totalen, men det var ikkje mange pinnanne som mangla. I dei to siste seriane spelte me bra og fekk over 200 i snitt i begge seriane. Det heldt til poeng med god margin i 2. serien, men me kom 15 pinnar for kort i 3. serien. Alt i alt ein flott kamp mot eit av dei beste laga i divisjonen.
9 av 15 poeng til lokalligalaga våre denne runden
4. februar 2019 kl. 22:04 - Frank Tangen
Komponeringa av våre tre lokalligalag vart noko spesiell denne runden sidan det var bortekamp på Stord for Kvam2. Det er ei lang reise og ikkje alle har høve til å ta ein så lang kveldstur. Difor vart pensjonistane sendt avgarde sjølv om nokre av desse strengt tatt høyrer heime på førstelaget.
Glåmdal2 - Kvam: 0-4 (veteranliga)
1. februar 2019 kl. 10:00 - Frank Tangen
Atter ein sterk siger i veteranligaen. Tredjeserien på 1073 var berre 2 pinnar bak klubbrekorden vår. Jamt godt spel av alle fem gav 199 i kampsnitt og fire poeng i protokollen.
Finn vart januar-meister i månadscupen
27. januar 2019 kl. 19:32 - Frank Tangen
Sju stk trossa VM-finalen i håndball og trilla kuler i staden. Finn vann fmed 15 pinnars margin til Olav Ludvig.
Referat frå styremøte tysdag 22. januar 2019
22. januar 2019 kl. 22:47 - Frank Tangen
Frammøte: Finn, Terje, Kristin, Olav og Frank. Helge var med som observatør.


RANKINGSNITT - TOPP 10
Ove Fonn183
Gaute Øye Melstveit183
Frank Tangen182
Helge Lønning178
Reidar Olsen170
Dag Tjosaas170
Olav Ludvig Håbrekke169
Håkon Vik166
Åsa Karin Stålberg Skaar163
Finn Olesen160
Beste serie i veke 17:
22.04.2019 - 25.04.2019
Gaute Øye Melstveit244
Ove Fonn207
Anne Karin Fonn176

Laurdag 27.04.2019:
Bestilling 10:00 Ope under Vårkjet..

Sundag 28.04.2019:
Bestilling 17:00 Styremøte..
Bestilling 18:00 Klubbmeisterskap ..

Onsdag 08.05.2019:
Bestilling 17:00 Onsdagsklubben..

Sundag 26.05.2019:
Bestilling 17:00 Medlemsmøte..

Sundag 25.08.2019:
Bestilling 17:00 Styremøte..

Sundag 29.09.2019:
Bestilling 17:00 Medlemsmøte..

Sundag 27.10.2019:
Bestilling 17:00 Styremøte..

Sundag 24.11.2019:
Bestilling 17:00 Medlemsmøte..

Design og utvikling: Frank Tangen, Kvam herad